Nou-klimatilpassing.no
Du er her: Blogg
Hopp til menyen

Tilpassing til ei endra framtid

Oddvar Flæte







Av utvalgsleder Oddvar Flæte

Vi er i vårmånaden mars.  Skliande på isen bortetter vegen, grip eg meg å lengte etter lågtrykk. Regn, varme og vekst.

Ved slutten av denne unormale vinteren, sit vi og drøftar intenst innhaldet i ein NOU om klimatilpassing som skal leverast til hausten. Vi skal sjå dei lange linene - kva vil skje utover i dette hundreåret. Mykje er usikkert, men det er tydeleg at vi går mot ein varmare klode. Vi kjem visseleg til å få fleire kalde vintrar, men variasjonar i vær vil alltid vere der.

Vi trur Norge er eit relativt robust land når det gjeld klima. Men det blir likevel annleis når det uvanlege blir det normale. Vi må lære oss å planlegge under uvisse, ja, det kan jamvel bli ein premiss i samfunnsplanlegginga.

Det treng ikkje bety endring i ansvarsforhold, men det vil krevje auka kompetanse. Det vil stille krav til prioritering av økonomi. Det vil stille krav til langsiktig tenking om arealbruk. Det vil stille krav til ei ryddig arbeidsdeling. Det vil stille krav til politisk mot.

Truleg vil kommunane bli sett under sterkt press for endå betre samfunnsplanlegging. Og ein god byråkrat er ikkje i glad i uvisse som premiss.

Problema er globale, men tilpassinga vil måtte skje lokalt: Meir nedbør gir større råteskader. Meir og intenst regn krev større røyr for å få det bort. Høgare havnivå gir mindre areal. Meir skred gir mindre areal. Og meir omsyn til matjorda gir også mindre areal. Lukkeleg blir den som har god plass når det skal planleggast.

Men meir varme gir også lengre vekstsesongar. Både jord- og skogbruk vil få betre veksttilhøve samstundes som flåtten går ei lysare framtid i møte. Pollensesongen vil bli lengre.

Klimatilpassing handlar om å tilpasse seg ei utvikling som du ser vil akselerere. Du må ta avgjerder nå om noko du trur vil skje om 30 år. Du må jamvel bruke midlar til noko som du sjølv ikkje vil ha glede av – på kort sikt.

Maktar vi å løfte blikket?

(08.03.2010)
Hopp til menyen Hopp til innhold