Vi er i vårmånaden mars. Skliande på isen
bortetter vegen, grip eg meg å lengte etter lågtrykk. Regn, varme og
vekst.
Ved slutten av denne unormale vinteren, sit vi og drøftar intenst innhaldet
i ein NOU om klimatilpassing som skal leverast til hausten. Vi skal sjå dei
lange linene - kva vil skje utover i dette hundreåret. Mykje er usikkert,
men det er tydeleg at vi går mot ein varmare klode. Vi kjem visseleg til å
få fleire kalde vintrar, men variasjonar i vær vil alltid vere der.
Vi trur Norge er eit relativt robust land når det gjeld klima. Men det blir
likevel annleis når det uvanlege blir det normale. Vi må lære oss å
planlegge under uvisse, ja, det kan jamvel bli ein premiss i
samfunnsplanlegginga.
Det treng ikkje bety endring i ansvarsforhold, men det vil krevje auka
kompetanse. Det vil stille krav til prioritering av økonomi. Det vil stille
krav til langsiktig tenking om arealbruk. Det vil stille krav til ei ryddig
arbeidsdeling. Det vil stille krav til politisk mot.
Truleg vil kommunane bli sett under sterkt press for endå betre
samfunnsplanlegging. Og ein god byråkrat er ikkje i glad i uvisse som
premiss.
Problema er globale, men tilpassinga vil måtte skje lokalt: Meir nedbør gir
større råteskader. Meir og intenst regn krev større røyr for å få det bort.
Høgare havnivå gir mindre areal. Meir skred gir mindre areal. Og meir omsyn
til matjorda gir også mindre areal. Lukkeleg blir den som har god plass når
det skal planleggast.
Men meir varme gir også lengre vekstsesongar. Både jord- og skogbruk vil få
betre veksttilhøve samstundes som flåtten går ei lysare framtid i møte.
Pollensesongen vil bli lengre.
Klimatilpassing handlar om å tilpasse seg ei utvikling som du ser vil
akselerere. Du må ta avgjerder nå om noko du trur vil skje om 30 år. Du må
jamvel bruke midlar til noko som du sjølv ikkje vil ha glede av – på kort
sikt.
Maktar vi å løfte blikket?
(08.03.2010)